– Du har nok ei meining om kven av dine nabokommunar du kunne tenke deg å samarbeide med, blir det sagt i informasjonsvideoen frå fylkesmannen. Sjå videoen over

– Reform betyr forbetring, blir det sagt vidare i videoen, som oppfordrar ungdommar til å dele sine meiningar om reforma på sosiale medium og i lesarinnlegg i aviser.

Etterlyser undervisning på skulen

– Dei fleste ungdommar veit veldig lite om kommunereforma, seier prosjektleiar Vigdis Rotlid Vestad hos Fylkesmannen.

Skjermbilde frå videoen

I første omgang er opplegget retta mot ungdomsskulane.

– Ungdomsråda er veldig klar på at ein kort filmsnutt med ein enkel bodskap til ein undervisningstime på skulen, det er svært ønskeleg, seier Vestad.

– I tillegg er det også laga eit undervisningsopplegg som er sendt ut til skulane og til kommunane, seier ho.

– Ungdommen er veldig klar på det. Dei fleste veit veldig lite om dette arbeidet, seier Vestad til smp.no.

Forme framtida

– Fylkesmannen vonar denne videoen kan inspirere ungdom til å vere med å forme framtida til Møre og Romsdal, heiter det i ei pressemelding.

Innan 1. juli 2016 skal kommunane gjere eit vedtak om retningsval. Stortinget og regjeringa har bestemt at alle kommunar skal utgreie si framtid, anten å halde fram som eigen kommune, eller saman med nabokommunar. Kommunane ynskjer å høyre innbyggarane si meining om kommunen si framtid. Dette gjer dei mellom anna gjennom innbyggarhøyring eller folkerøysting.