I eit framlegg til formannskapsmøtet i Skodje 20.mai la rådmannen fram forslag om å legge ned Stette skule i ei vurdering om endra skulestruktur.

Framleggets sitt punkt 2.1 var kort og brutalt: "Endra skulestruktur - legge ned Stette skule".

Dette har satt sinna i kok hos folk som har flytta til Stette, og rimar dårleg med satsinga på mellom anna ny barnehage i området.

- Det stemmer at rådmannen sitt forslag var slik. Men eit samrøystes vedtak seier at ein heller skal sjå på den generelle skulestrukturen gjennom leiing, kvalitet, organisering og pedagogisk utvikling, seier ordførar Terje Vadset (Frp) til smp.no.

- Betyr det at Stette skule ikkje vert lagt ned?

- Ikkje i denne omgangen i alle fall. Det er ingen tvil om at Skodje kommune slit med økonomien. Vi er ei låginntektskommune med stor tilflytting. Men i prognosane aukar ikkje elevtalet ved Stette skule mykje og ein vil slite med å fylle opp den nye barnehagen på Stette slik søknadstala er no, seier Vadset.

- Forstår du at folk på Stette er usikre på framtida til skulen?

- Ja, vi må diverre tenke økonomi i all drift. Vi kan ikkje drive ei kommune med underskot i fleire år. Ingen politikar vil leggje ned ein skule. No gjer vi det vi kan for å finne andre måtar å spare pengar på.

Det var partiet Venstre som la fram forslaget til endring i rådmannen sitt framlegg.

- Det blei samrøystes vedteken i formannskapet, seier ordføraren.