– Eg har aldri opplevd noko slikt, seier Wenche Karin Skarmyr.

– Kor mange flått du såg?

– Nei, det gjekk ikkje an å telje dei. Det aula over alt. Og det var både stor og små flåttar.

Ho er leiar i vilforvaltningsnemnda i Sande og skulle kontrollere eit dyr som var skote på Kvamsøya. Skarmyr fortel at då ho skulle sjekke tennene på hjorthovudet, fekk ho hjelp av Jens Kvamme til å kome til inn på tanngarden.

– Og då berre kravla og kraup flåttar oppetter handa hans.

Wenche Karin Skarmyr oppmodar folk om å vere forsiktige når dei er ute, og seier det verkar som om det er ekstremt mykje flått no.

Har lege og venta

Flåttforskar ved Universitetet i Agder, Vivian Kjelland, seier dei ikkje har teljingar som fortel om det er meir flått i år enn elles, men at det er mange som trur flåtten strauk med i sommarvarmen.

– Det er det ingen grunn til å tru.

Så lenge det er nok vegetasjon til at den kan finne ly for tørr luft, sol og vind, og om det er nok fukt ved bakken, så greier flåtten seg heilt fint.

– Den let vere å klatre opp om det er for varmt eller for tørt.

I staden ligg den og ventar på gunstige verforhold. Og den kan den gjere i så lenge som eit par år.

Kviknar til med regnet

Etter at flåtten har lege i skjul i sommar, så nærast «sprett den ut» no når regnet kom på seinsommaren.

– Den har lege i ro i varmen, men no kviknar han til, seier Kjelland.

Ein mild vinter med plussgrader er godt nytt for flåtten. Og vêret som er no med god temperatur og lett regn er altså flåttframkallande.

– Vi har ikkje noko tal på om det er meir flått, og i gjennomsnitt så kan det vere likt som i fjor, men en del stader der det tidlegare i år har vore for varmt eller tørt for flåtten, kan det vere at det er ein større andel flått som er aktive no utover hausten.

<strong>Aktive:</strong> Flått-forskar ved Universitetet i Agder, Vivian Kjelland, seier det ein del stader kan vere ein større andel flått som er aktive no. Foto: Uia