Årets føredragshaldarar er toppar frå organisasjons- og næringsliv, frå idretts- og underhaldningsverda, og frå det lokale næringslivet.

Gründer og tidlegare freestylekøyrar Kari Traa skal snakke om livet som idrettsjente og etableringa av sportsmerket «Kari Traa». Tidlegare statsminister og politikar Kåre Willoch sitt føredrag handlar om kapitalismen.

Moods

Dei andre føredragshaldarane er Simen Staalnacke og Jan Egil Flo frå Moods of Norway, filosof og samfunnsvitar Henrik Syse, forfattar og bloggar Agnes Ravatn, sjeføkonom Shakeb Syed, programleiar Jan Erik Larsen og salssjef i Fora Form, Frode Sporsheim. Radarparet Øystein Bache og Rune Gokstad skal vere konferansierar.

Fullt

I år er fjerde året med Næringskonferansen Søre Sunnmøre, og interessa for konferansen er større enn nokon gong.

– Deltakarlista er fullteikna, og fleire står på venteliste. Vi måtte setje strek ved 250 deltakarar, fortel dagleg leiar for Ørsta Næringskontor, Odd Magne Winjevoll.

Næringskonferansen er meint å vere ein møteplass for næringslivet i regionen.

– Vi legg opp til gode pausar mellom programpostane, slik at deltakarane får tid til å prate skikkeleg med kvarandre. Og innimellom minglinga kan dei slappe av med gode, inspirerande føredrag. Eg trur torsdag blir ein bra dag, seier Winjevoll.