Forrige søndag blei ein heilsvart dag for Hødd. 0-4-tap på heimebane mot Levanger, divisjonens svakaste bortelag, var ein kjempeskrell. Det var også eit stort strek i rekninga for opprykksjagande ulsteinvikingar.

Kveldens bortekamp mot Sandnes Ulf blir nok difor eit «vera eller ikkje vera» for Hødd med tanke på direkte opprykksplass til Tippeligaen. Med Sandnes Ulf-siger i kveldens kamp vil det vera åtte poeng opp til rogalendingane på den andre direkte opprykksplassen.

Divisjonens beste heimelag

Hødd opna kampen greitt mot Levanger, og sjølv om Bendik Bye sette inn 1-0 til trønderane etter berre eitt kvarters spel, var det Hødd som styrte det meste i førsteomgangen mot trønderane. Men nokre forferdelege minutt i starten av andreomgang øydela det heile for Ulsteinvik-laget.

No ventar det i utgangspunktet mykje tøffare motstand på Sandnes stadion når Hødd møter laget som slo Hødd 3-1 på Høddvoll tidlegare i vår.

For Sandnes Ulf har imponert så langt denne sesongen under Bengt Sæternes`leiing. Spesielt på heimebane har fjorårets Tippeliga-lag gjort det skarpt. Med sju sigrar, to uavgjorte og berre eitt tap på ti heimekampar så langt i år er dagens Hødd-motstandar ligaens beste heimelag.

Byte to i forsvarsfiraren

Forsvarsspelet til Hødd i kampen mot Levanger var til tider hårreisande. Ein forsvarsfirar som elles har vore bra i år, sleppte inn fire svært enkle mål. No gjer Hødd-sjefen grep til kampen mot Sandnes Ulf, og byter ut sidebackane Jonas Ingebrigtsen og Christoffer Aasbak. På venstreback tek Vegard Heltne plass, mens det på høgreback vil bli enten Ole Amund Sveen eller Joakim Wrele som startar.

Sandnes Ulf sin toppscorar, Pontus Engblom, er framleis ute med skade, og blir ikkje med mot Hødd i kveld.

Hødd (4-3-3): Aslak Falch – Ole Amund Sveen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Vegard Heltne – Torbjørn Kallevåg, Joachim Wrele, Fredrik Aursnes – Eirik Ulland Andersen, Michael Karlsen, Magnus Myklebust

Benken: Jan-Lennart Urke, Robin Shroot, Jonas Ingebrigtsen, Joachim Magnussen, Sondre Beite, Christoffer Aasbak

Sandnes Ulf (4-3-3): Ingvar Jonsson – Trond Erik Bertelsen, Kenneth Sola, Derek Decamps, Axel Kryger – Aksel Berget Skjølsvik, Solomon Owello, Anel Raskaj - Tonny Brochmann, Kent Håvard Eriksen, Marius Helle

Benken: Egil Selvik, Paul Torres, Ole Kristian Langås, Olafor Finsen, Vegard Skjørestad, Andreas Dybevik, Abdirizak Huka