Nordmøre og Romsdal politidistrikt melder om ein del bråk i samband med at Raumarock blir arrangert i helga.
Seint fredag kveld måtte ein mann i starten av 20-åra til legevakt etter å ha blitt banka opp av to namngitte menn. Han ønsker å anmelde begge to, men dei er førebels ikkje pågripne, ifølge RBnett.
Mann fekk ikkje meir enn lettare skader som følge av valden.
Elles blir ein mann i slutten av 20-åra meldt for truslar mot vaktene på Raumarock.
Ein mann i starten av 30-åra vart køyrt heim etter at politiet fann han gåande i Innfjordtunnelen.
Ei kvinne vart køyrt heim til familien på grunn av overstadig rus.
Ein i starten av 30-åra vart meldt for urinering på offentleg stad i Åndalsnes sentrum.