– Mange av dykk kjem nok frå land der politiet har ei heilt anna rolle enn dei har i Norge, seier Chiku Ali. Ho er spesialkonsulent i kultur for Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsforebygging i region vest.

Ali er invitert til Søre Sunnmøre mottak for å snakke med asylsøkarar og flyktningar om kulturelle utfordringar dei møter i Norge. Sjølv er ho frå Tanzania, og seier ho kjenner til kor vanskeleg det er å kome til eit nytt land og møte ein ny kultur.

Arrangementet har gått over to dagar, og tek sikte på å lære bebuarane på asylmottaket om utfordringar innvandrarar møter med offentleg tilsette på bakgrunn av kulturforskjellar.

Avkrefte misforståingar

Ifølgje Ali får dei som kjem til Norge som asylsøkarar og flyktningar høyre frå andre som har kome tidlegare at barnevernet i Norge er der for å ta frå folk barna deira.

– Dette er jo heilt feil, og det er slike misforståingar vi vil avkrefte med slike foredrag, seier Iselin Aske, informasjon og barne- og ungdomsansvarleg ved Søre Sunnmøre mottak.

– Det er også mange som er redd for politiet, fordi dei kjem frå samfunn som er korrupte. Dei må lære seg at i Norge må vi lytte til og akseptere lova, legg ho til.

Forstå sosiale kodar

Chiku Ali forklarer asylsøkarane og flyktningane at dersom dei oppfører seg for defensivt når barnevernet kjem på døra, kan det føre til at barnevernet trur at dei har grunn til å vere bekymra.

– Myndigheitene i Norge tar vare på oss, det er det ikkje alle som er van med der vi kjem frå, seier Ali.

– Bebuarane på asylmottaket skal integrerast, og lære seg å forstå dei sosiale kodane, mellom anna med tanke på barneoppfostring. Jo meir riktig informasjon dei har, jo betre kan dei takle dei ulike situasjonane dei kan kome opp i, seier Aske.