- Det er utruleg vittig at det kjem så mykje folk. I løpet av den første halvtimen har vi servert nesten 700 glas med smaksprøver. Men det er no det som har vore målet med dette prosjektet, å ha det gøy, seier Lars Erling Bjåstad (41) frå Ulsteinvik.

Det er han og Thomas Busker Larsen frå Volda som har fått det til så Brænne-safta no er tilbake i utvalde butikkar. I to ulike grupper på Facebook, med til saman over 5.000 følgjarar, har folk uttrykt lengt etter den raude safta med den karakteristiske smaken.

Les også: Brænne-saft type rød er tilbake

Same smaken

- Heldigvis smakar den nye type rød akkurat slik eg hugsar den, seier Bjåstad, om drikken som i fleire generasjonar var sjølve folkesafta på Sunnmøre.

Drifta av Brænne Mineralvatn vart lagd ned i 2010, og det er sju-åtte år sidan sist Brænne leskedrikk type rød var i sal. Martin Brænne, sjef for Brænne Mineralvatn gjennom ein mannsalder, har bidrege med saftoppskrift og kompetanse i arbeidet med relanseringa.

Smil

- Til eldre eg blir til tydelegare ser eg at det er viktig å ha det gøy. Og dette er i høgste grad det, seier Brænne, som gjekk rundt med eit stort smil i folkevrimmelen på Coop Extra i Furene laurdag.

Den relanserte leskedrikken vert produsert av Roma Mineralvannfabrikk på Lillestrøm. I første omgang vert type rød å finne i Coop Vest sine butikkar på Søre-Sunnmøre, i Nordfjord og Førde.

Les meir om relanseringsfesten i Sunnmørsposten måndag.

Gjer som fleir enn 23.000 andre - lik smp.no på Facebook