Fram til 2020 skal det setjast av nærare to mrd. kroner til fastlandssambandet i Haram og Sandøy, men investeringsplanen skal gå over sju år.

Stort lån

Heile Nordøyvegen er kostnadsrekna til 3,8 mrd. kroner pluss minus ti prosent. Vegen skal etter planen opne i 2023, og ifølgje kommentarane til fylkesrådmannen vil innverknaden på økonomien i Møre og Romsdal komme etter denne økonomiplanperioden. Fylkeskommunen må låne 2,3 mrd. kroner, der vel 1,3 mrd. kroner er etter denne økonomiplanperioden.

Bompengesøknad

Det går fram av fylkesrådmannen si tilråding for økonomiplan. Fylkestinget skal ta endeleg avgjerd om bompengesøknaden i desember. Denne veka vil fylkesrådmannen leggje ved si innstilling i saka på bakgrunn av den rapporten som Oslo Economics har utarbeidd. Der inngår også drift av Nordøyvegen.

Samferdelspolitikar Frank Sve seier i ein kommentar at ein no snart kan sprette sjampanjeflaska for å feire Nordøyvegen. Han ser ikkje at fylkesrådmannen sin gjennomgang av økonomien i prosjektet vil ha noko innverknad på prosjektet. Då er han meir bekymra over løyvingar til rassikringa mellom Eidsdal og Geiranger, som ikkje har fått noko i 2017.

- Det er dårleg økonomi. Då blir det heller ikkje statlege midlar til dette prosjektet. Det skal vi gjere noko med, seier Sve.

Store oppgåver

I 2017 skal det investerast for 394 mill. kroner, der vedlikehaldet av fylkesvegar utgjer 262 mill. kroner. Rassikring av fylkesvegar utgjer 55 mill. kroner. I planperioden blir det sett av 355 mill. kroner til Godøytunnelen og 423 mill. til Nerlandsøybrua.