Vestnes formannskap ber også om at det vert gjennomført ein grundig politisk debatt i Stortinget før så omfattande grep vert gjort.

Gledens dag

Det var ein gledens dag i Vestnes 6. juni i år då Vestnes vart innlemma i dei 31 nye kommunane som frå 1. juli 2014 ville få redusert arbeidsgjevaravgift.

For Vestnes ville det bety at kommunen sparer 12-13 millionar kroner i året.

Men i statsbudsjettet som nyleg vart lagt fram, går det fram at Vestnes vil få tilsvarande reduksjon i rammeoverføringar frå staten.

Trekk i rammene  for kommunar som har fått redusert arbeidsgjevaravgift er omtalt med berre ei setning to stader i stortingsproposisjon 118 S som kom i juni i samband med endringane i arbeidsgjevaravgifta. Ordlyden var følgjande:

"For at reduksjonen i arbeidsgiveravgift over tid skal virke nøytralt for kommunene, vil regjeringen i statsbudsjettet for 2015 komme tilbake med forslag om justering av kommunenes inntektsrammer".

Politikarane i Vestnes meiner det er foruroligande at ei så stor endring vert gjennomført utan politisk debatt og ut frå ei einskild setning.

Aldri nemnt

Vestnes kommune viser til at det ved fleire høve har vore delegasjonar frå kommunen i depatementet og lagt fram situasjonen med tanke på å få sett ned arbeidsgjevaravgifta. Fleire tverrpolitiske delegasjonar har vor ei møte med departementet, under fleire regjeringar, og har lytta til same informasjonen.

Men aldri har trekk i rammeoverføringane vore nemnt, korkje frå politisk hald eller frå embetsverket i Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD).

Ingen av kommunane har oppfatta at det kunne kome slike endringar. Det verkar også som om dette kom overraskande på KS.