Philippa Charlotte Middleton, betre kjend som Pippa, vart kjent over natta då søstera Kate i 2011 gifta seg med Prins William.

Middleton jobbar som journalist for den britiske avisa the Telegraph, og har jobba spesielt med å skrive reiselivsartiklar. I starten på april i fjor besøkte ho Sunnmøre, noko som no har resultert i ein fire siders artikkel i the Telegraph sitt reisemagasin, UltraTravel.

Overnatta på Juvet

Det manglar ikkje på lovord om Sunnmøre i artikkelen, som skildrar mellom anna fjordfiske i Hjørundfjorden, overnatting ved Juvet Landskapshotel i Valldal, og torskemiddag på Restaurant Maki i Ålesund.

«Det er berre ein stad i verda du kan køyre frisk puddersnø om morgonen, fiske torsk på ettermiddagen og om kvelden sigle til ei koselig tømmerhytte der eit gourmetmåltid ventar på deg», skriv ho i artikkelen.

Vart invitert

Marknadssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Tom Anker Skrede, var med Middleton på besøket i Norge. Han fortel at ho vart invitert som eit samarbeid mellom dei og Innovasjon Norge i England.

– Ho er ei frisk dame, og det var tydeleg at ho var veldig glad i å vere ute i naturen, seier han.

Han fortel at det var første gong ho var i Norge, og at ho viste stor begeistring for det ho såg og opplevde.

– Ho var spesielt fascinert over kor nært det var London, og kor lett det var å kome seg til Ålesund med fly, seier han

Lest av mange

«Pippa» er eit kjend namn i Storbrittannia, og det er mange som les det ho skriv.

– Vi får opplyst at heile 480.000 personar antas å lese UltraTravel, som er spesielt tilrettelagt for å inspirere til reiselyst, seier Skrede.

– Pippa Middleton er eit veldig kjent namn i Storbritannia, og det er naturleg at denne type artiklar blir lagt ekstra merke til når det er skrive av ho. I tillegg er the Telegraph sine lesarar ei av våre aller viktigaste målgrupper, så vi er veldig nøgde med dette, seier Catherine Foster, marknadssjef i Innovasjon Norge Storbrittannia.

Ho legg til at artikkelen har ei rein annonseverdi på over 1,3 millionar kroner.

Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre er godt fornøgd med korleis Middleton skildra Sunnmøre, og trur at det er mange som kjem til å bli interessert i å besøke området etter at dei har lest det ho skriv.