Det vert ei god blanding av natur og kultur når Dei nynorske festspela inviterer til opplesing og hagekurs i hagen til Torhild Øie. På nedre Brudevoll har Øie opparbeidd ein stor og innhaldsrik grønsakhage, og ein imponerande prydhage på fleire mål.

– Eg i har alle fall 1500 ulike vekstar, men eg tel ikkje. Når ein har havesykje, så har ein havesykje, ler Øie.

Grønsaker

Poteter, gulrot, kål, brokkoli, blomkål, asparges, squash, purreløk, vårløk, sjalottløk, raudbetar, persille, salat, erter, selleri. Jordbær, bringebær, rips, stikkelsbær, amerikanske blåbær. Ti ulike sortar tomatar – for å nemne noko.

– Det er ikkje alltid at alt eg dyrkar vert vellukka, eg har litt å slåst med. Men dei har då gulrot på butikken, smiler Øie. I arrangementet «Ut i vår hage» under Dei nynorske festspela skal festspeldiktar Agnes Ravatn lese frå romanen sin Fugletribunalet. Når hovudpersonen i boka, Allis, ser seg nøydd å stikke av frå hovudstaden, tek ho på seg å vere gartnar for ein mann i ei utkantbygd. Problemet er berre at Allis, til liks med Ravatn sølv, ikkje anar noko om hagar.

Ordning

Med arrangementet i «Festspelhagen» skal vi få ei ordning på dette. Saman med forfattar Rønnaug Kleiva og hageeigar Torhild Øie, skal Ravatn finne ut kva Allis burde ha visst før ho sette i gang med gartnarprosjektet sitt, forklarer programansvarleg for Festspela, Karine Munch.

Rønnaug Kleiva har ifølgje henne sjølv alltid vore eit hagemenneske. Ho kjem til å lese eigne tekster knytt til hagedyrking, med utgangspunkt i kva hovudpersonen til Ravatn kunne trenge av kunnskap. Hageeigar Torhild Øie ville ha gitt råd til Allis om å starte i det små. Det er ikkje sikkert at det som er mest fargesprakande på hagesenteret vil trivast i nettopp din hage.

Få råd

Det er demoraliserande å handle flotte blomar for tusenvis av kroner, berre for å sjå at alt er daudt når våren kjem. Start med å spørje nokon om råd om kva plantar som trivast i den jorda du har. Når du får meir erfaring kan du vere litt meir lettsindig på hagesenteret, meiner Øie.

Ho og mannen bygde huset på nedre Brudevoll i 1996 – midt i ein skråning med sand. Den store prydhagen rundt heimen deira er bygd opp frå ingenting. Smale grusstiar snirklar seg mellom all verdas vekstar. Steinmurar, kvilesteinar, ei sildrande elv leier til hagedammen med vassliljer i.

Prydplantar

Klematis, begonia, kongslys, middagsblomst, iris, stor kubjelle, fruesko, valmuesøster, bregner, peonar, valnøttre, rhododendron, kattebusk, laurbær, oliventre, fikentre – dette er berre litt av artsrikdomen på eigedommen.

– Om eg veit kva alle plantane heiter? Ja, men du må ikkje spørje. I sommarhalvåret brukar Torhild Øie svært mykje av tida si i hagen. Somme av vekstane i hagen har ho sådd, noko har ho fått, anna har ho kjøpt – blant anna frå arboretet i Bergen, og frå spesialforretningar. Under «Ut i vår hage» vil ho fortelje litt om korleis ho har bygd opp den imponerande hagen. – Det er klart at ein må vere litt «sånn» oppi hovudet for å drive med dette. Hage har nok gått meg til hovudet ja, men eg synest det er kjekt eg!