Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik teiknar eit dystert bilete, og fryktar fylkeskommunen har berre tre år på seg til å omstille seg.

Det må gjerast strukturelle grep på alle sektorar.

Samferdsel, vidaregåande opplæring, administrasjon, kultur, region- og næringsutvikling og tannhelse må alle omstille drifta.

Strategi og rammer

Dette går fram av saka strategi og rammer for arbeidet med økonomiplan 2016–2019, som vert lagt fram for fylkesutvalet onsdag 27. mai.

Som følgje av førebels forslag til investeringsprogram vil fylkeskommunen ha ei lånegjeld på over 6,2 milliardar kroner ved utgangen av 2019 – ein auke på 2,7 milliardar kroner samanlikna med det lånegjelda var ved utgangen av 2014.

Har ikkje berekraft

Fylkesrådmannen er av den oppfatning at fylkeskommunen ikkje har økonomisk berekraft til å handtere ei slik gjeld, og tek til orde for at investeringsnivået må reduserast kraftig komande økonomiplanperiode. Det betyr at prosjekt som ikkje har starta opp, må utsetjast i tid eller kuttast heilt ut.

Også på drift har fylkeskommunen store utfordringar, først og fremst på grunn av stort vedlikehaldsetterslep på fylkesvegar, stort udekt behov for legging av asfalt, auka kontraktskostnader på ferjer, kjøp av ekstra ferjekapasitet og auka driftskostnader på grunn av Nordøyvegen.

Nye ferjekontrakter inneber ein kostnadsauke på i gjennomsnitt 40 prosent, noko som ikkje vert kompensert frå staten.

Høg aktivitet i næringslivet, gode skatteinntekter og høge overføringar har medverka til gode økonomiske resultat for fylkeskommunen dei siste åra.

Fonda minkar

Når ein ser framover, vil ein på den andre sida sjå minkande fondsmidlar og stadig stigande lånegjeld, noko som bind økonomien i lang tid framover.

Minkande reservar og bundne utgifter gjer at handlefridomen vil bli redusert, noko som betyr at fleksibiliteten blir mindre og fylkeskommunen blir stadig meir sårbare overfor uføresette situasjonen, skriv Guttelvik i saka.

Av saka går det fram at fylkeskommunen har brukt opp det sentrale disposisjonsfondet, og har teke til å bruke av driftsdelen av infrastrukturfondet, der saldoen no er 180,3 millionar kroner.

Ubalanse

Han minner om at dei inntekter, driftsrammer og investeringsrammer som er innarbeidd i førebels utkast, gir ein ubalanse i 2016 på 29,6 millionar kroner og ein samla ubalanse for åra 2016–2019 på heile 194,8 millionar kroner.

Dersom ein går inn for ei slik løysing, vil ein måtte bruke eit tilsvarande beløp av driftsfonda for å balansere framlegget.

Det betyr at framlegget inneheld eit drifts- og investeringsnivå som forventa framtidige inntekter ikkje er i stand til å bere.

Hareidferja

Fylkesrådmannen minner om at det ikkje er teke omsyn til utgifter til ekstra ferjekapasitet på Hareid-Sulesund frå og med 2016.

Skal dette tiltaket også finansierast utan å kutte på andre stader i drifta, er fonda brukte på tre år.

Det betyr at vi har tre år på å omstille Møre og Romsdal fylkeskommune.

Og det må gjerast strukturelle grep på alle sektorar.

Investeringsutfordringar

Fylkesrådmannen ramsar opp i skulebygg, både nybygg og rehabilitering, fylkesvegnettet, Nordøyvegen og bypakkar som store investeringsutfordringar i tida framover.

Han meiner fylkeskommunen i dag ikkje har økonomisk handlingsrom til å kunne innarbeide omfattande tiltak på fylkesvegane, samstundes som ein skal investere i Nordøyvegen og i skulebygg.

Bypakkar

Fylkesrådmannen skriv at i og med at bypakkane er forseikna, vil det ikkje vere budsjettbehov i 2016.

Det kan bli ei utfordring for fylkeskommunen å finne rom for både investering og drift knytt til bypakkane innan allereie hardt pressa samferdselsrammer, meiner Guttelvik.

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik ser ikkje lyst på fylkesøkonomien. Foto: Staale Wattø