Det slår kommunalminister Jan Tore Sanner fast.

Årsaka til avslaget er bronsealderfunna i jorda. Også fylkeskommunen, Riksantikvaren og Klima- og miljødepartementet rådde til at Sanner gav avslag.

– Kulturminna på tomta har nasjonal verdi, og etablering av parkeringsplass der kan øydeleggje verdiane, skriv Sanner.

Kommunen har argumentert med at det er behov for fleire p-plassar i sentrum, ikkje minst fordi det no ligg to museum like ved. Difor vile dei legge til rette for 55 p-plassar her.

Men dette går ikkje Sanner med på. Han skriv at samfunnsnytta av tiltaket veg ikkje opp for tap av kulturminnet, og oppmodar kommunen til å finne ei anna tomt til p-plassar.