I framlegget til løyvingar i neste års budsjett, er det mellom anna sett av 41,7 millionar kroner til språkdelte ungdomsskular – nær seks gonger så mykje som Nynorsk forum sjølv foreslo. Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Samla får nynorskmiljøet fleire hundre millionar kroner i framlegget til neste års statsbudsjett. Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, meiner likevel ikkje det er nok til å styrkje nynorsken der det trengst. Foto: Noregs Mållag
I framlegget til neste års statsbudsjett får Jon Fosse-forlaget Det Norske Samlaget auka tilskotet frå årets 22.065.000 til 23.475.000 kroner. Foto: Beate Haugtrø / NPK
– Dette er verkeleg «dagen derpå», etter at vi feira nynorsken og Nobelprisen i litteratur til Jon Fosse, som ei anerkjenning av det nynorske språket si kraft i verda, seier Gaute Øvereng i Nynorsk forum. Foto: Aasen-tunet / Nynorsk kultursentrum
Nynorsk pressekontor, som har utvikla nynorskroboten Apertium, får 1 million kroner i øyremerka midlar til å vidareutvikle og halde ved like denne. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

I framlegget til neste års statsbudsjett er det sett av 41,7 millionar kroner til nynorskgrupper og nynorskopplæring i ungdomsskulen – nær seks gonger så mykje som dei 7 millionane Nynorsk forum hadde føreslått i eit brev til Kunnskapsdepartementet.

Kostnaden til språkdelte ungdomsskular er rekna til å utgjere mellom 13,3–21,6 millionar per steg, og 40–64,6 millionar totalt.

– Me hadde i utgangspunktet bede om at det vart sett av pengar for oppstart av 8. klassar hausten 2024, medan regjeringa no har valt å fullfinansiere alle trinna. Det er svært gledeleg. No er det opp til kommunane å gjere klart for at nynorskelevane som startar i ungdomsskulen komande haust, får halde fram som nynorskelevar, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

I brevet til departementet tidlegare i år bad Nynorsk forum, som representerer 17 medlemsorganisasjonar, også om to millionar til nynorske læremiddel i høgare utdanning, 400.000 til Pirion som fremjer og styrkjer nynorsk i barnehagen og 15 millionar til digitale læringsverktøy på nynorsk. I budsjettforslaget vart det ikkje føreslått løyvingar til nokon av desse tiltaka. Det vart heller ikkje gjennomslag for ei føreslått tilskotsordning på 4 millionar kroner for å redusere fråfallet frå nynorsk.

Blåfredag

Konstituert direktør i Nynorsk forum, Gaute Øvereng, karakteriserer framlegg til budsjett som «dagen derpå», etter at nynorskmiljøet torsdag kunne feire at Jon Fosse og nynorsken fekk Nobelprisen i litteratur:

– Regjeringa seier i statsbudsjettet at nynorsk skal fremjast og vere sikra gode vilkår, men løyvingane i budsjettet uteblir. Her er mange tiltak som SV kan plukke opp og bidra til at intensjonane frå språklova blir sette ut i livet, mellom anna auke i støtta til nynorsk barne- og ungdomslitteratur, læremiddel på nynorsk for vaksenopplæring og tiltak for å styrkje nynorsk i område der språket står svakare enn i år 2000, seier Øvereng.

Knappe kulturkroner

Nynorsk forum er særleg uroa for at nynorskinstitusjonane utgjer stadig mindre del av kulturbudsjettet (frårekna NRK, likestilling og kyrkja). Delen er redusert frå 2,8 prosent i 2013 til under 2 prosent i 2023.

– Det er mange kulturpolitiske tiltak som anten manglar språkkrav eller får reelle kutt. Det er bra at Nasjonalbiblioteket får 3 millionar til styrking av norsk fagspråk, men dette er tiltak som gjeld begge dei norske skriftspråka. Kulturrådet får 7 millionar til å styrkje litteraturordningar. Den auken kunne blitt følgt av nynorskkrav. Kultur- og likestillingsdepartementet skriv positivt om ordbokarbeidet ved Universitetet i Bergen, men reduserer samtidig løyvingane til tiltaket, kommenterer Gaute Øvereng i Nynorsk forum.

Lofnes Hauge i Mållaget seier regjeringa rett nok mellom anna har sett av ein million kroner til å halde ved like og vidareutvikle nynorskroboten som Nynorsk pressekontor står bak, og nokre ekstra prosjektløyvingar til dei nynorske teatera. Han er derimot skuffa over at Noregs Mållag sjølv ikkje er tilgodesett med ei auka løyving.

– Nynorsk forum har i fleire år prioritert det å sikre høgare statsstøtte til Noregs Mållag. Me meiner det ikkje er noko som gjev meir nynorsk for pengane, enn ei auka løyving til oss. Det er vi som jobbar for at språklova blir etterlevd og at rettane til nynorskelevane blir følgde, seier Lofnes Hauge:

– Løyvingane til språkdeling i ungdomsskulen er svært gledeleg, og ein historisk ny rett for nynorskelevane blir no finansiert. Likevel: Behovet for løyvingar til ulike nynorsktiltak er stort, og samla vil ikkje dette budsjettet gjere nok for å styrkje nynorsk på alle område i samfunnet.

Det framlagde budsjettet skal behandlast i ordinær budsjettbehandling i november og desember. Revidert budsjett blir vedteke av Stortinget 16. juni.

(Undersak:) Dette får nokre av dei andre nynorskinstitusjonar neste år

Det Norske Teatret: Framlegg om å auke tilskotet frå årets 199,9 millionar kroner til 215.5 millionar kroner.

Teater Vestland: Framlegg om å auke tilskotet frå årets 25, 6 millionar til 27,1 millionar kroner.

Det Norske Samlaget: Framlegg om å auke tilskotet frå årets 22 millionar til 23,5 millionar kroner.

Det Vestnorske Teateret: Framlegg om å auke tilskotet frå årets 21,5 millionar til 22,8 millionar kroner.

Nynorsk kultursentrum: Framlegg om å auke tilskotet frå årets 24,1 millionar til 25,5 millionar kroner.

Norsk Ordbok: Framlegg om å redusere tilskotet frå årets 9,6 millionar til 8,7 millionar kroner.

Nynorsk pressekontor: Framlegg om å auke driftstilskotet frå årets 7,1 millionar til 8,5 millionar kroner. Av dette er 1 million øyremerkt vedlikehald og vidareutvikling av nynorskroboten.

Noregs Mållag: Framlegg om å auke tilskotet frå årets nær 6,4 millionar til nær 6,8 millionar kroner.

Nynorsk avissenter: Framlegg om å auke tilskotet frå årets 3,4 millionar til 3,6 millionar kroner.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar: Framlegg om å auke tilskotet frå årets 2,9 millionar til nær 3,2 millionar.

Noregs Ungdomslag: Framlegg om å auke tilskotet frå årets 2 millionar til nær 3 millionar kroner.

Dette er Nynorsk forum: Dag og Tid, Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Jærmuseet/ Garborgsenteret, Kringkastingsringen, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Norsk Barneblad, Norsk Målungdom, NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter, Nynorskfylket Vestland, Nynorsk kultursentrum, BUL i Oslo og Nynorsk pressekontor.

(©NPK)