Det opplyser Asbjørn Stensrud, seksjonssjef drift Øst i Statens vegvesen til Fjordingen.

Det er store skader i alle fall ein plass, i Sør-Fron. I tillegg står det att mykje oppryddingsarbeid. Vi ventar no på at vatnet skal trekkje seg heilt tilbake. Først når det har skjedd kan vi rydde og sjekke for utvasking og skader. Flaumtoppen er passert gjennom Gudbrandsdalen, så vatnet er i alle fall på veg ned, seier Stensud.

Under vatn: E6 ved Ringebu torsdag ettermiddag. Også fleire andre stader står europavegen under vatn. Foto: Morten Holen, Statens vegvesen

Han opplyser at det er gått ras over E6 ved Ringebu der ein ikkje har fått gå inn enno.

– Vi har hatt geolog oppe i helikopter, og skal gjere ny vurdering i dag fredag.

Vi følgjer opp kontinuerleg, og driftsentreprenør gjer tiltak så raskt som mogleg. Dei gjer ein kjempeinnsats seint og tidleg.

Målsetjing er at det meste vil vere ope att i løpet av neste veke. Meir kan vi ikkje seie pr i dag. Skaden på vegbana i Sør-Fron er det mest krevjande, men her vil det vere mogleg med omkøyring, seier Stensrud.

Rv 15: Slik såg det ut på rv 15 mellom Lom og Vågå onsdag. Foto: Asbjørn Stensrud, Statens vegvesen

Når det gjeld rv 15, er denne stengt på grunn av eit ras over rv 15 vest for Vågåmo.

– Vi har hatt geolog også der, og skal få nye undersøkingar. Når vi får gå inn og jobbe, er det ein del jobb. Vi veit heller ikkje kor store skader det er på vegbana. Men vi har ein plan å ta rasa så fort vi får klarsignal, seier Stensrud.