Ein bil køyrde av vegen ved Gursken i Sande fredag.

Det var berre ein person i bilen. Vedkomande var oppegåande og snakka for seg, men måtte likevel sjekkast av helsepersonell.

– Luftambulansen landar i desse tider, sa operasjonsleiar i politiet, Arild Reite, til Sunnmørsposten klokka 11.55.

Frå ein tipsar fekk Sunnmørsposten opplyst at trafikken på staden var stengt i begge retningar.

Det skal ha vore svært glatt på staden.

Klokka 12.35 opplyste politiet at det var manuell dirigering på staden.

Sjåføren er frakta i luftambulanse til Ålesund sjukehus.

Klokka 13.30 opplyste politiet at vegen er opna og trafikken går som normalt. Bilen er framleis i grøfta og ein ventar på bilbergar, fortalde operasjonsleiar i politiet, Renate Solheim.