– Dette gjeld framtida til oss og ikkje minst våre etterkomarar, seier dagleg leiar ved Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR), Petter Bjørdal.

Det er VØR som er først ute på Sunnmøre med innsamling av glas- og metallemballasje. Allereie frå nyttår vert det delt ut nye dunkar med gult lokk, men det er i første omgang frivillig å vere med.

VØR legg opp til at innsamling av glas- og metallemballasje skal vere obligatorisk frå og med 2017.

Også matavfall vil reinhaldsverket begynne å samle inn for seg, først med ei prøveordning i 2017, før planen er at også det blir obligatorisk frå 2018.

Avfall er morgondagens råvarer

– Skjerpa krav frå fleire hald gjer at VØR sine abonnentar er nøydde til å sortere meir i åra som kjem. Og ikkje berre det, det må sorterast langt betre enn i dag. I dag opplever VØR at fraksjonar som burde ha vore sortert ut, hamnar i restavfallet, seier Bjørdal i ei pressemelding.

Det er signal både frå EU og frå dei nasjonale styresmaktene som gjer at VØR ser seg naudt til å gjere dette tiltaket.

– Når EU og sentrale styresmakter no snur på flisa, er tankegangen at avfall ikkje lenger er avfall, men morgondagens råvarer og ressurs, seier Bjørdal.

– Greier vi ikkje å å bruke ting om att, produsere nytt av brukt og utnytte energien av avfallet langt betre enn i dag, kan verda i løpet av 60 til 90 år gå tom for viktige råvarer, heiter det i pressemeldinga.