Terminalen byscene setter opp enda ein ekstrakonsert for Stage Dolls/Return 26. november i år.

Dermed har du framleis moglegheita til å oppleve 80-talets mest populære norske rockeband kopla saman på scena.

– Ja no blir det trønderivasjon i tre dagar! Vi setter opp enda ein ekstrakonsert torsdag 26. november fordi både konserten 27. november og ekstrakonserten laurdag 28. november vart utselt på rekordtid. Folk vil gjerne ha med seg dette, og vi bestemde oss for å sette opp ein ekstra konsert fordi mange følte dei var for seint ute. Mange har eit forhold til desse to banda, så dette blir nok ein «høydare», seier salssjef i Momentium, Idar Ove Giskegjerde.

Går raskt unna

Giskegjerde oppfordrar folk til å vere raskt ute om dei vil sikre seg billettar til den siste konserten.

– Vi har allereie selt unna ein del billettar, så her må ein vere raskt ute. Konsertane er i julebords-tider og derfor får vi mange større bestillingar frå firma og lag som vil ha seg ein heilkveld.