Rundt 80 personar frå Ørsta, Volda, Ulstein, Ålesund og Herøy møtte opp på rydde-dugnaden «før fuglane kjem». Det fortel Charlotte Hauge ved Runde Miljøsenter.

– Herøy kajakklubb tok seg ein tur innom dei vanskelege strendene, og vi andre tok oss av dei strendene vi greidde å rydde, skriv Herøy Miljøsenter på Facebook.

Dagen før rydda barneskuleelevar ved Bergsøy skule ei strekning på to kilometer.

Det vart funne sko, bildekk, keramiske fliser, isopor, plastbitar, tannkostar, posar og noko som kanskje var ei rusta girkasse, opplyser Hauge.

Til saman rydda 140 personar opp eit tonn med marint avfall, opplyser «Hold Norge Rent», som hadde årets avspark på Runde.