Sunnmøre folkehøgskule er ein av fleire skular som har hatt suksess med tilbod i butrening og aktivitet for elevar med spesielle behov. Fleire av elevane går to år, men dei som søkjer om andreåret no, har konsekvent fått avslag, noko som provoserer både lærarar og foreldre.

– Tid er nøkkelen for mange. Det er mykje som skal lærast før ein flyttar i eige husvære. Elevar med spesielle behov treng ofte meir tid og har godt av eit andre år, seier Ingfrid Grimstad, lærar og ansvarleg for dette tilbodet ved Sunnmøre folkehøgskule i Ulsteinvik.

Blir tryggare

Ho har sett mange elevar blomstre og bli meir trygge etter eit år på folkehøgskule. Og ho ser at mange treng eitt ekstra år.

Difor er ho provoserte over at Nav no konsekvent seier nei til å støtte eit andre år for desse elevane. Fleire foreldre har teke kontakt og er fortvila etter avslag. Mange opplever at ein god prosess stoppar opp.

– Det er ikkje så mange tilbod for denne elevgruppa etter vidaregåande skule. Mange går rett i arbeid på ein tilrettelagd arbeidsplass, medan andre ungdommar kan ta høgare utdanning og reise verda rundt, seier Grimstad.

Ho får støtte av kollega Ingrid Rødset, sosialleiar og ansvarleg for tilrettelagd linje ved Ålesund folkehøgskule. Også ho meiner innstramminga er feil:

– Dette er diskriminerande. Likskap er ikkje at alle skal ha det likt for ein kvar pris, men at kvar enkelt får sjansar der dei kan få utvikle sitt fulle potensial, meiner Rødset.

Ho synest det er trist at Nav kuttar i det einaste utdanningstilbodet ungdom med utviklingshemming har etter vidaregåande skule.

– Her får dei eit unikt tilbod, der dei kan utvikle seg og strekke seg, i eit miljø med normalt fungerande ungdom, seier ho.

Nav svarer: Meiner kommunane skal ta jobben

Klar for jobb og eiga leilegheit

Andreårselevane vi møter i Ulsteinvik synest det er synd at fleire no ikkje skal få sjansen til å oppleve det som dei har fått:

– Dette er dumt for dei som har lyst til å gå eitt år til, seier Martha Hjertaker (22) frå Bergen. Ho gjekk på folkehøgskule i Valdres i fjor og begynte i Ulsteinvik i haust.

– Det er kjekt å bli venner med folk og møte folk frå ulike stader, seier ho.

Martin Kalvatn (19) frå Sykkylven gjekk på Sunnmøre folkehøgskule også første året. Begge er glade for at dei fekk sjansen til å gå eitt skuleår til, men no er begge klare for å begynne i arbeid.

Martha har fått jobb i kantina på Haraldsplass, og ho har også fått si eiga leilegheit. Martin er klar for jobb for Byrg i Sykkylven og har også planar om å flytte for seg sjølv.

Har kø av søkjarar

Elevane betaler for skuleåret på lik linje med andre elevar, men skulane får støtte frå Nav for ekstra bemanning og tilrettelegging av opplegg.

Og Grimstad understrekar at skulane har kø av søkjarar til desse linjene og ikkje problem med å fylle plassane med førsteårselevar. Når folkehøgskulane no går saman for å prøve å få endra reglane, er det elevane dei tenkjer på.