– Vi starta i går, og med slikt vêr kan vi bli ferdig i dag, fortel Svein Strømmen.

Han er med på å koordinere utflyginga frå Zakariasdammen i Tafjord, der eitt års ved og proviant til alle Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST) sine 13 hytter blir flydd ut.

– Eitt år var det så varmt at alt smøret smelta, ler Strømmen, som har vore sentral i dugnadsarbeidet i ÅST i ei årrekkje.

Håper på godvêr

Det som kjenneteiknar at sesongen er opna, er i hovudsak at dei sjølvbetente hyttene har hyttevakter på plass til ei kvar tid. På Reindalseter, som no er den einaste fullt betente hytta, er dei sesongtilsette på plass for periodar frå to til ti veker.

Lavvo Blir det lavvo? Ikkje på første forsøk, men kanskje på det femte? Dugnadsgjengen på Reindalseter er ved godt mot etter første reising.

– Vi har tru på ein kanonsesong i år, seier Øyvind Hunnes, styreleiar i ÅST.Vêr og snøforhold er føresetnadene som i stor grad bestemmer kor mange som vitjar turisthyttene i løpet av sesongen. Medan Reindalseter kan ha i overkant av 3000 overnattingar, er eit snitt på 1000 per hytte indikasjon på ein god sesong.

Kortreist proviant

Sjokoladepudding, knekkebrød, havregryn og bacalao på boks. Ein skal ikkje svelte som går frå hytte til hytte i fjellet.

– Det er kortreist mat så langt det let seg gjere. Vi kjøper saft og syltetøy i Valldal og kjøtvarer frå Stranda, fortel Linda Flem, dagleg leiar i ÅST

Det går bra i år òg. Vêret er greitt, og dei to oransje helikoptera gjer unna fleire titals turar kvar rundt om i fjellheimen. Alt skittentøy og avfall kjem ned att, og knekkebrøda til Veltdalen kjem seg nettopp dit. Alt fraktarbeidet vert gjort unna på ein dag.

– No skal vi opp til Reindalseter og byggje lavvo. Sesongen kan begynne, synest dugnadsgjengen.

No er matlagera fulle, hyttene nyvaska og vertane på plass: – Velkomen til fjells, seier gjengen frå turistforeininga.