Fredag vart det klart at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane rår kommunaldepartementet til å ikkje ta motsegna frå statens vegvesen til følgje, når det gjeld Eid kommune sine planar om å byggje bru mellom Anda og Lote.

– Det er svært gledeleg at Fylkesmannen slår fast at Eid kommune bør kunne legge inn brukryssing Anda-Lote i arealdelen av vår nye kommuneplan. Nordfjordbrua Anda-Lote er eit bruprosjekt som står på eigne bein og er av særs stor betydning for folk og næringsliv i eit stort omland, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

Eit einstemming kommunestyre i Eid står bak ønsket om å legge til rette for bru mellom Anda og Lote i kommuneplanen. Statens vegvesen har hatt motsegn til dette, på grunn av regjeringa sitt konseptval for E39, der det blir lagt opp til at E 39 skal krysse Nordfjord med bru i Stryn kommune.

Mekling førte ikkje fram

Fylkesmannen mekla mellom Statens Vegvesen og Eid kommune i denne saka. Denne meklinga førte ikkje fram, og saka er no send vidare med tilråding om å ikkje ta motsegna til følgje.

I ei pressemelding frå Fylkesmannen heiter det at det er Fylkesmannens klare syn at staten ikkje skal overprøve kommunen si planlegging, så lenge det ikkje er vesentlege statlege eller regionale interesser som står på spel.

– Arealplanen i Eid medfører ikkje forventningar om at Statens vegvesen skal medverke på nokon måte til realisering av brua, står det i pressemeldinga.

– Eid kommune ventar at Kommunaldepartementet no raskt avklarer saka og stadfester Fylkesmannen si tilråding. Det er ingen grunn til at staten skal stoppe eit lokalt initiativ for betre samferdsle i regionen med bru for ferje, særleg ikkje når regjeringa har fått på plass regelverk som skal legge betre til rette for å gjennomføre gode ferjeavløysingsprosjekt, seier ordførar Alfred Bjørlo.