Politiet melder om brann i ein garasje på Vigra.

- Det er full overtenning i garasjen, seier operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt, Per Åge Ferstad.

Garasjen ligg for seg sjølv 20 meter frå eit bustadhus. Personane vart evauerte medan sløkkingsarbeidet pågjekk.

- Vi går ut i frå at det er tatt fyr i bilen som stod i garasjen, og at det er slik brannen har starta, seier Frank Austdal ved 110-sentralen i Ålesund.

Klokka 20.30 meldast det frå 110-sentralen at brannvesenet driv med etterslukking i garasjen, som er totaltskadd av brannen.