Erstatningane skal byrje neste år etter at det er oppretta eit sekretariat i fylkeskommunen for arbeidet.

Gjør som flere enn 20.000 andre - følg smp.no på Facebook

Det er tilrådd at erstatninga gjeld alle som har vorte plasserte med heimel i barnevernlova, og utsette for overgrep i barneheim eller spesialskule.

Ikkje fosterheim

Det meste den enkelte kan få er 300.000 kroner. Summen skal delast mellom heimekommunen og fylkeskommunen.

Ordninga skal ikkje gjelde born i fosterheim, eller born som har vore plasserte i andre fylke.Det er eit vilkår for at fylkeskommunen kan delta i erstatningsordninga, at den enkelte kommune som har fatta vedtaka stiller opp.

Serie om vold mot barn: Borte bra - hjemme verst

Saka kjem opp i fylkesutvalet måndag, og vidare til fylkestinget der saka kjem opp enten tysdag eller onsdag.

Utgreiing

Fylkesrådmannen greier grundig ut kor mykje det kostar for dei å styre med erstatningane. Samla utgift over tre år vert 7,5 millionar kroner til løn, pensjon og møtegodtgjersle.

Basert på røynsle frå andre fylke kan det kome 390 søknader om erstatning og at samla utbetalingar såleis vert rundt 11 millionar kroner.