Kommunen vil gjere dette ved å dekke kostnadene for eit lån. Formannskapet vil også opne opp for at kommunen leiger hallen for kroppsøving for elevar i grunnskulen. Hallen skal byggjast av idretten i Volda, og skal etter planen koste 80 millionar kroner.

– Dette betyr at kommunen er klart positiv til initiativet, men med nokre atterhald om forhold som må avklarast, mellom anna rundt tomta, seier ordførar Jørgen Amdam.

Han er spent på korleis den vidaregåande skulen stiller seg til å bruke hallen.

– Vi treng å ha med oss den vidaregåande skulen, seier Amdam.

Signala så langt frå Volda vidaregåande skule er at avstanden til den nye hallen er i lengste laget.