Eit pussig samantreff skulle ha det til at Paul Ivar Pedersen informerte kronprinsen i starten. Han gjorde eit poeng av at dei to har same adresse. For på Stranda er det ein veg som heiter Skaugum der Pedersen bur.

Pedersen fortalde mellom anna om Alperittet, og oppmoda kronprinsen å melde seg på.

– Vi har klasser for dei over 30, også, seier Pedersen.

Velkomen Dagleg leiar Stian Græsdal ved skisenteret (t.v.) og ordførar Jan Over Tryggestad (midten) ønska kronprins Haakon velkomen. Foto: Terje Engås

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Ordfører Jan Ove Tryggestad i Stranda seier han er glad for å kunne tilby kronprinsen snø, slik at han fekk prøve skia. Arvetakaren til trona er nemleg ein ivrig skiløpar.

Les også: Stranda flaggar for kronprinsen (krev abonnement)

Kronprisen fortalde at det eigentleg var yrkesmessa for ungdom som var årsaka til besøket, men at han gjerne nytta høvet til å teste skianlegget når han først var i området.

Gjesten fekk også ein smakebit på det som blir laga av mat i næringsmiddelkommunen Stranda. Kommunen har kring 700-800 tilsette i bransjen, og kronprinsen skal også besøke pizzafabrikken til Orkla.

Saka blir oppdatert