Det har vore ei travel natt for politiet på Sunnmøre, med meldingar om bråk og berusa personar.

Like over midnatt stoppa politiet ein personbil på Hellesylt, på grunn av mistanke om promilleøyring. Føraren måtte ta ein utåndingstest, og førarkortet vart deretter beslaglagt.

I Ørskog måtte politiet ta hand om ein berusa person som var skada, medan i Volda var det ein annan berusa, skada person som måtte køyrast til legevakta.

Heime-aleinefest

I Ålesund måtte politiet stoppe ein heime-aleinefest i indre bydel på grunn av meldingar om bråk og støy. Det viste seg å vere fleire ungdommar der under 18 år som var berusa. Ambulanse vart tilkalt, og fleire personar vart sendt til legevakt for kontroll.

Hoppa på parkert bil

I Volda var det også melding om personar som hoppe på taket til ein parkert bil i sentrum. Politiet har tips, og etterforskar saka vidare.

Fleire personar laga også bråk ved utestader i Ålesund sentrum i natt. Ein vart bortvist frå sentrum, medan ein annan fekk advarsel og moglegheit til å gå heim. Han valte å komme tilbake, og fortsatte å bråke, før han vart satt i arrest.

På morgonkvisten vart også to personar anmeldt for besittelse av narkotika i Ålesund sentrum.

Trafikkuhell

I Ørskog var det eit trafikkuhelll like før klokka eitt i natt, der ein personbil køyrde på ein annan bakfra. Føraren av den bakerste bilen var under 16 år, og utan førarkort. Det var heldigvis ingen personskader, og foreldra til føraren er kontakta.

På Vigra er ein person i 20-åra mistenkt for påkjørsel av ein parkert bil.

På Leinøy er ein svart Honda CR med registreringsnummer UN22296 stjelt i løpet av natta. Politiet ønsker tips.