Etter møtet i fylkesutvalet der bomsatsar i Ålesund var tema, har bompengeselskapet Vegamot skrive brev til fylkeskommune der det kjem fram at vedtaket vil få konsekvensar.

Nye utrekningar viser at bypakke Ålesund vil vere underfinansiert med rundt 1,1 milliard kroner om alle prosjekta blir realisert.

– Om innstillinga til fylkesutvalet blir vedtatt av fylkestinget, og alle prosjekta blir realisert, vil gjelda til bypakken nå grensa for den fylkeskommunale garantien hausten 2026. Vegamot må då stoppe eller redusere utbetalingane til bypakken, skriv fylkeskommunen på nettsida si.

Dette betyr at prosjekt som ny Brosundbru, Miljøgate Campus og fleire trafikktryggingstiltak står i fare for ikkje å bli realisert.

Fylkesutvalet har kome med si innstilling, men det er fylkestinget som gjer endeleg vedtak om bompengesatsane. Det skjer på møte i komande veke.

Fylkesutvalet har innstilt på at prisane kan justerast frå 1. januar 2025, men vil ikkje ta med prisveksten siste fire åra. Utvalet vil også vidareføre rabatten på 50 prosent for elbilar.

Vegamot er et regionalt bompengeselskap som er eigd av Trøndelag og Møre og Romsdal fylkeskommunar.

Dei finansierer bompengeprosjekt og krev inn bompengar.