Anders Folkestad (74) har vore tillitsvalt på heiltid i 25 år, og før det var han lektor. Først i den vidaregåande skulen i Odda i Hardanger, før han flytta til Stranda på Sunnmøre, der han har budd sidan. Han har vore leiar i Norsk Undervisingsforbund, i Lærarforbundet og sist i hovudorganisasjonen Unio frå 2001 til 2015.

Vi møter han på ein regntung septemberdag på Stranda, der han har budd dei siste 40 åra. Opphavleg er Folkestad frå skule- og kulturbygda Volda, og både faren og farfaren var lærarar.

Lektorrolla har endra seg

Som pensjonist er han framleis svært oppteken av lektorrolla og situasjonen i den vidaregåande skulen. Tidlegare i år gav han ut boka «Lektoren – frå embetsmann til streikevakt» saman med den tidlegare kollegaen Torbjørn Ryssevik. Boka har undertittelen «lektorane i reformer og strid gjennom 150 år».

Her tek dei føre seg utviklinga i gymnaset og den studieførebuande delen av vidaregåande skule gjennom tida.

– Vi fokuserer mellom anna på det vi kallar kompetansefallet. I “gamle dagar” var hovudfag standarden, og det var nærast utenkjeleg at læraren ikkje hadde solid utdanning i faget han eller ho underviste i. Statistikken viser at altfor mange i dag underviser med for svak kompetanse. Difor må krava skjerpast, seier Folkestad.

Lektorrolla har endra seg mykje dei siste åra. Som lærar i det gamle gymnaset var lektoren ein person med høg status og god lønn. Folkestad konstaterer at både statusen og lønna har falle. Det er det mange årsaker til, meiner han, og det er ein del av den generelle samfunnsutviklinga.

– Vi som lektorar har heile tida kjempa for at fleire skal få utdanning. No er utdanningsrevolusjonen og massutdanninga ei av årsakene til at dei med lengst utdanning har mist status og opplevd inntektsfall, seier han med eit smil.

Det starta med den store reforma midt på 1970-talet. Då vart dei tradisjonelle gymnasa slått saman med yrkesskulane og blei til den vidaregåande skulen. Ifølgje Folkestad har det ført til mykje positivt, men noko har også blitt borte på vegen.

Anders Folkestad jobba som lektor på Stranda vidaregåande skule før han vart tillitsvalt på heiltid. Foto: Bent Tandstad / NPK

– Mykje er bra

– Mykje er bra i den vidaregåande skulen, men det er grunn til å rope varsku om ein del utviklingstrekk. Mange arbeider for at det skal vere ein konkurranse mellom skulane om kven som kan vise til best karaktersnitt hos elevane. Konkurranse kan vere bra på mange område, men eg trur det kan føre til at lærarar kjenner seg pressa til å gi betre karakterar enn eleven fortener, legg den pensjonerte lektoren til.

Han meiner vi i dag ser tendensar til karakterinflasjon.

Den vidaregåande skulen har bevega seg i ei stadig meir byråkratisk retning, synest Folkestad. Rolla til rektoren har endra seg, meiner han, og frå å vere den fremste blant like, styrer dei i dag meir nedover. Det er veldig mykje rapportering og det ein kan kalle kontroll.

– Det er ikkje lett for den enkelte læraren å stå imot eit system med innbygd konkurranse om å lage "den beste skulen". Vi har til dømes PISA-prøvene, og eg meiner ikkje at dei er skadelege i seg sjølv, men det blir dei når dei blir brukte som bevis på at skulen er god, dårleg eller middels, seier han.

Dåverande Unio-leiar Anders Folkestad saman med dåverande statsminister Erna Solberg i ein pause under Unio-konferansen i 2015 på Sundvolden Hotell. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB / NPK

PISA-prøvene er ein internasjonal studie som måler kompetansen i lesing, matematikk og naturfag hos elevane. Det overordna målet er å evaluere kor godt skulesystemet i dei ulike landa førebur elevane til vidare studiar, yrkesliv og aktiv deltaking i samfunnet.

Folkestad er også redd for at læraren i for stor grad blir pålagd andre oppgåver enn det å undervise. Mange slit med psykiske problem, og dei må få hjelp av fagpersonar. Fleire yrkesgrupper må inn i skulen for å ta seg av problem som ikkje har med undervisinga å gjere, og foreldra må ta eit større ansvar for det sosiale slik at læraren får konsentrere seg om hovudoppgåva, meiner han.

Øydelagt eksamen

Den tidlegare Unio-leiaren viser til det som skjedde under koronapandemien. Då vart nasjonal eksamen avlyst. Då vi endeleg kom attende til normalen vart norskeksamen i stor grad øydelagt av ein feil Utdanningsdirektoratet hadde gjort.

– Dei skulda på dataproblem, slik mange alltid gjer når det skjer feil. Dei avgjorde at alle kunne annullere eksamenen sin, og det har tre av fire elevar gjort. Dermed gjeld standpunktkarakteren, og det igjen fører til at karakternivået går oppover. Det slår tvil om eksamen og tvil om sertifiseringsrolla. Begge delar er uheldig, seier han.

Med sertifiseringsrolla meiner han at den vidaregåande skulen har hatt ein rett til å sertifisere elevane for vidare utdanning. Han er redd for at linjene for studiespesialisering i den vidaregåande skulen ikkje i stor nok grad er i stand til å gi elevane god nok kunnskap til å vere klar til å starte ei utdanning på høgskule- og universitetsnivå.

– Å føre elevane fram til studiekompetanse har til alle tider vore ei hovudoppgåve for denne delen av utdanninga. Nasjonale eksamenar er difor viktige, også med tanke på å sikre ein fagleg standard som er normgivande for karakterbruken, meiner han.

Utdanningsrevolusjon

Det har vore ein utdanningsrevolusjon i Noreg dei siste 20 åra.

– På 1990-talet var det ein visjon om at vi skulle ha 100.000 studentar i gang med ei høgare utdanning. I dag nærmar talet seg 300.000, og i all hovudsak er det ei positiv utvikling. Men vi ser også at universitet og høgskular dag slit med dei same problema som den vidaregåande skulen. Statistikken er ikkje så bra, mange brukar for lang tid på studia og det er også stort fråfall, minner han om.

Den tidlegare Unio-leiaren er også oppteken av at den norske skuledebatten er for generell, og at det blir skilt for lite mellom barneskulen og den vidaregåande utdanninga.

– Det er stor skilnad på lærarrolla for seksåringar og ungdomar på 18–20 år. Den vidaregåande skulen har i stor grad forsvunne frå debatten, som mykje har handlar om dei yngste elevane, slår han fast.

(©NPK)