Ein mann frå Nordfjord sit no i varetekt etter at han skal ha skaffa seg store mengder bilete av overgrep mot barn, melder NRK Sogn og Fjordane.

Ifølgje politiadvokat Sissel Kleiven i Sogn og Fjordane politidistrikt vart norsk politi varsla av Interpol. Medan Kripos fekk meldinga i mars, fekk politiet lokalt beskjed om at den mistenkte var frå Nordfjord i august.

Mannen vart pågripen i oktober, og har blitt varetektsfengsla i åtte veker.

- Vi ransaka heimen hans, og det vart beslaglagt eit omfattande materiale, som det har teke tid å gå gjennom, seier politiadvokaten.

Den sikta har vedgått straffskuld for besittelse av materialet.