– Eg var oppe klokka fem i dag og laga 10 liter fiskemiddag, fortel ordførar Terje Vadset (Frp) i Skodje.  Med maten laga han til gjestebod på rådhusplassen i Skodje tirsdag.

Gjer som fleire enn 20.000 andre - lik smp.no på Facebook

Born og personale frå Prestemarka og Skodje barnehagar koste seg med bacalao og fiskesuppe.

Klippfisken vart kjøpt på Ellingsøy og vatna  i to døgn før ordføraren laga den til på beste måte. Fiskesuppa laga han av lyr.

– Lyr er ein undervurdert fisk. Den har mange gode kvalitetar, seier han.

Matstunda markerte innleinga til  friluftslivets år som vart opna tysdag. I Skodje skal det vere mange tiltak utover i året.

Barnehageborn- og skuleborn som ikkje var med på festen ved rådhuset, fekk kvar ti kroner til måltid der dei har dagane sine, og natt til onsdag skal ordføraren sove ute i grindløa i skuleområdet.

Del dine friluftsbilder med smp.no-leserne ved å tagge dem #smpno på Instagram.

Du kan også sende billdene til oss på mms til 95 400 400 - eller via epost 95400400@smp.no