–Dersom taksten vert opplevd som feilaktig, så vert eigar beden om å sende klagetil eigedomsskattekontoret i Stranda kommune. 20 prosent auke høyrest mykje ut,særleg dersom det ikkje er gjort endringar på hytta, seier økonomisjef iStranda kommune, Ståle Anker Ljøen.

Aksjonerer

Sunnmørspostenskreiv onsdag om hytteeigarar som aksjonerer mot det dei meiner erforskjellsbehandling av kommunen.

Les også: Vil boikotte næringslivet på Stranda

–Dersom sjablongverdien for hytter hadde vore lik som for bustadhus, då haddedet vore forskjellsbehandling, seier Ketil Svarliaunet, prosjektleiar i EskanAS som har ansvar for eigedomsskatt i Stranda.

Sjablongverdiener ein kvadratmeterpris som er rekna ut ifrå snittprisen på nybygg i sameeigedomskategori i eit bestemt område.

– IStranda sitt tilfelle er omsetjingsverdien på bustad- og fritidseigedomaromtrent lik. Ettersom hytter gjerne er halvparten av størrelsen til bustadhusa,er sjablongverdien den dobbelte, forklarer Svarliaunet.

Auke på 20 prosent

Denferske hytteeigaren har rekna ut at taksten på hytta hans, som rett nok er påstørrelse med ein liten einebustad, med gjennomsnittleg sjablongverdi for hyttei Stranda skulle vore på 3,7 millionar.

– Nohar kommunen taksert den til om lag 4,8. Det er ei auke på over 20 prosent,seier han.

Sakkunnige

Onsdagsende Frank Sve (Frp) i Stranda kommunestyre ein interpellasjon der han antydarat måten kommunen reknar ut skatt på byggjer på praksis som ikkje er nedfelt ilov.

–Kommunestyret har sett ned ei sakkunnig nemnd som vedtek sjablongar for bruk itaksering. Desse har jobba med rammer og retningsliner som skal sikre at takstligg så nær omsetningsverdi som muleg, seier økonomisjefen.

Hanvil ikkje kommentere verken Sve sitt utspel eller enkelttilfelle som gjeldeigedomar, men presiserer at taksering skal ligge så nær omsetjingsverdi sommuleg.

Les fleire nyheiter frå indre Sunnmøre

Mest faktafeil

Avklagene kommunen har fått inn, dreier fleirtalet seg om faktafeil.

–Det kan gjelde areal, etasjetypar, bygningstype, tatt i bruk-dato ellereigarskap, seier Svarliaunet.

Men ein del klager går også på at taksten er for høg.

– Alle eigedomar ersynfart i denne prosessen, der det vert gjort vurderingar for den enkelteeigedom. Vi ser både ved hytte og bustad at taksten kan ha hamna for høgt, ogdet vil sakkunnig nemnd sjå på etter grunngitt klage vert meld, seierprosjektleiaren.

Les meir om saka i Sunnmørsposten, som du kan kjøpe elektronisk her