Ein 42 år gammal mannleg bilførar vart natt til laurdag anmeldt og fråtatt førarkortet i Ulstein, etter å ha fått utslag på ein promillekontroll.

Elles melder politiet på Sunnmøre om ei stille natt.

– Overraskande stille faktisk, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre i Sunnmøre politidistrikt.

Politiet hadde nok rekna med meir uro i Ålesund sentrum i høvet The Tall Ships Races, men dei hadde likevel litt å gjere fredag kveld, då dei mellom anna kunne melde på Twitter om ein mann som måtte fjernast frå ein restaurant i sentrum etterå  ha urinert inne på golvet og nekta å forlate staden.

Ein annan mann vart fredag kveld innbrakt til politiarrest etter ordensforstyrring i sentrum, og vart anmeldt av politiet.