Det seier Magnus Ruud (29), som er ein av kunstnarane som har fått utfalde seg på murvegger i sentrum av Volda i helga. Ruud er animasjonsstudent og har teikna og måla store deler av livet sitt.
– Eg har fått mange bøter opp gjennom, for ulovleg gatekunst, så det er ekstra kjekt å faktisk få lov til å gjere dette, seier 29-åringen.
Gjer som fleire enn 27.000 andre - lik smp.no på Facebook
For alle
– Vi ønskjer å gjere kunst meir tilgjengeleg for folk. Ofte er det knytt ein viss snobbefaktor til kunstomgrepet, men vi vil vise at det ikkje treng vere slik – kunst er for alle. Samtidig har vi eit ønskje om å skape litt meir liv i sentrumsgatene, fortel Margaret Kwarteng og Oda By.
Dei to studerer PR, kommunikasjon og media på Høgskulen i Volda, og er blant dei som står bak Urban Art Projects Volda. For å sparke i gang prosjektet, vart det arrangert ein kunstfestival i Volda denne helga. Rundt 20 kunstnarar frå Norge og utlandet tok turen til bygda for å vise sine kunstprosjekt.
Street art-kunstnar Øyvind Renberg med base i Berlin, dekorerte ein stor vegg på baksida av Westre-bakeri med eit motiv i ulike blåtonar.
– Kjempetøft, rett og slett, synest tilfeldig forbipasserande Tina Bjørneset. Mor hennar, Torill Hasfjord Bjørneset, synest også gatekunsten er flott.
– Alt som bidreg til at det er kjekt å vere i sentrum er bra. Vi vil veldig gjerne ha meir aktivitet i Volda-gatene, seier ho.
Utstillingar
I tillegg til gatekunsten var det også kunstutstillingar i Norsk Animasjonssentrum, i Sunnmøre Kulturnæringshage, og hos Bokmannen. Lene Karlsvik Brosché, Robert Steinnes, Kasia Kwiatkowska, Mark Huber og Rajeh Al Rajeh var blant utstillarane.
Planen for Urban Art Projects er å halde fram med små og store arrangement gjennom året, og i åra framover.
– Prosjektet vil vere tilgjengeleg for folk som ønskjer å vise fram det dei driv med, forklarer Kwarteng og By.