Det kjem ein kar roande inn til gjestehamna i Ålesund. Sjølv om det høljar ned, ror Ragnar Thorseth i sandalar og shorts.

– Eg skulle tatt på meg oljehyra i dag tidleg. Men då var det berre godvêret. Sunnmørsposten har sjekka vêrvarselet på førehand, og kan melde om sol frå fredag.

– Det er bra, berre det ikkje blir nordavind i Harøyfjorden.

Trening.

Thorseth brettar over presenningen på trebåten, og vi kjem oss innomhuses.

– Vi går inn. Eg har slutta å røyke, så då sit eg heller inne i varmen enn ute i gågata. Onsdag starta han heimanfrå, i Tjørvåg i Herøy. Fredag går turen vidare til Finnøya, og så er Håholmen neste stopp. Men førebels er det berre trening.

– Eg satsar på å starte på storturen mellom 10. og 12. juni neste år. Først ror eg nedover kysten. Iallfall til Eivindvik, kanskje heilt til Bergen. Sjølve turen over Nordsjøen skal gå frå Utvær i Solund, akkurat som i 1969. Derfrå er det 167 nautiske mil til Out Skerries på Shetland.

Ikkje første gongen

Som mange lesarar veit, blir det ikkje første gongen Thorseth set kursen mot Shetland åleine i robåt.

I 1969 rodde eventyraren over frå Måløy til Lerwick for å dekke 500-årsjubileet for at Shetland vart overført frå Norge til Storbritannia for Måløyavisa Fjordenes Tidende. Dronning Elisabeth og prins Philip var blant gjestene.

– Korleis kom du på at du skulle ta turen igjen?

– Eg har tenkt på det lenge, men helsa har vore dårleg. Eg bestemte meg etter at ekskona mi Kari, som eg var gift med i 38 år, drukna i Thailand i romjula i fjor. Då lurte eg på kva eg skulle gjere. Eg bestemte eg meg for at eg måtte finne meg eit prosjekt, og at eg skulle ta turen igjen. Båten er nesten ein kopi frå 1969, med nokre skilnader.

– Eg har fått montert eit vindror, kjølen er litt djupare og båten er søkkefri. Og så har eg fått montert sladrespegel. Dei kosta 40 kroner, og er geniale. No kan eg ro utan å snu meg for å sjekke kursen.

Thorseth lovar å vere godt førebudd når han tek laust.

– I niogseksti rodde eg berre ein veg. Eg har tenkt lenge på at eg burde ta turen begge vegar, og det skal eg gjere no. No har han teke av over 30 kilo, og hjartelegane på St. Olavs Hospital har gitt klarsignal.

– Eg har 45 år meir med erfaring denne gongen, og vil vise at folk er dugande sjølv om dei er sjuogseksti og har levd eit hardt liv, seier 66-åringen før han presenterer «valspråket sitt: «Gamal røynd mann kan. Ung i sinn han vinn!»

<strong>Sladrespegel:</strong> Thorseth har montert sladrespeglar for å halde oversikta medan han ror.
<strong>Straum:</strong> Då Ragnar Thorseth kom inn i hamna i Ålesund torsdag, var det viktigaste å få kopla på landstraum. Han har nemleg det mest av teknologiske hjelpemiddel om bord, og solcellepanela gir ikkje nok straum. Foto: STAALE WATTØ
<strong>Trenar:</strong> No har Ragnar Thorseth lagt ut på rotur gjennom fylket for å trene til ferda til Shetland neste sommar. Torsdag kom han til Ålesund. I dag ror han gjennom Harøyfjorden til Finnøya. Foto: STAALE WATTØ