– Vi har kjøpt deler av varelageret og produksjonsutstyret til Furnia, og er i ferd med å flytte det over hit, seier dagleg leiar Geir Hoff i Sitwell.

Furnia i Sykkylven gjekk konkurs i sommar.

Tidlegare samarbeid

– Vi hadde eit samarbeid med Furnia tidlegare, og vi har også vore retta mot det same marknadssegmentet – sofagrupper, kvilestolar og øyrelappstolar for godt vaksne. Dette gjer at vi kan nyttiggjere oss av varelageret og produksjonsutstyret i konkursbuet. Noko av produksjonen som låg i Furnia vil vi derfor vidareføre i Sitwell, i tillegg til eigne kolleksjonar, seier Hoff.

Tilset fleire

Dei har også planer om å tilsetje fleire.

– Dei siste dagane har vi tilsett tre nye personar, og vi vil tilsetje fleire etter kvart utan at eg vil talfeste dette no, seier han.

Dermed er selskapet no oppe i 15 tilsette i Stordal.

Ifølgje Hoff, har Sitwell hatt ein fin ordreinngang sidan ferien.

– At vi no tilset fleire folk, har samanheng med både auka ordreinngang og at vi overtek deler av konkursbuet etter Furnia.

Innanlandsmarknaden

Dei reknar med å omsetje for 16 millionar kroner i år.

– Vi sel hovudsakleg til innanlandsmarknaden, og vi sel gjennom møbelkjeder som Fagmøbler og Møbelringen samt frittståande forretningar, seier Hoff.

Dei siste dagane har det kome fram at både Varièr og Helland Møbler vil flagge ut heilt eller delvis produksjonen, på same måte som mange andre møbelprodusentar har gjort.

Går mot straumen

– Vi blir verande i Stordal og vil produsere alt her, det er ei viktig avgjerd som vi har tatt. Det er veldig sjeldan i dag, og dei fleste flaggar heilt eller delvis ut produksjonen. Vi går derfor mot straumen. Fordi vi produserer møblar med høge krav til kvalitet, ynskjer vi å ha full kontroll på produksjonsprosessen, seier Hoff.

Han legg også til at 90 prosent av møbelstoffa som Sitwell bruker er produsert hos Innvik/Sellgren i Innvik.

Eigarane i Sitwell er Pedro Eiendom as, Arve Myrstad as, Bjørn Våtmyr Holding as, G. Sandnes Holding as, Geir Hoff og Kvande&Nordvik Møbelfabrikk as.