Dersom vedtaket blir ståande vil planane til Spar Kjøp om å etablere seg på området ikkje bli noko av.

– Dette er valdtekt av det demokratiske systemet. Ei konsekvensutgreiing går god for meir detaljhandel på området. Både kommunen og fylkespolitikarane har klart sagt kva dei meiner. Dei vil opne for større handelsareal. Det er også merkeleg at byråkratane ikkje lyttar meir til dei nye signala som kjem frå regjeringshald om dette, seier ein svært opptrekt ordførar Terje Vadseth (Frp) i Skodje.

Stor utbygging

Det er Fylkesmannen i Sør-Trøndelag som har handsama saka fordi Fylkesmann Lodve Solholm i Møre og Romsdal meinte han av familiære grunnar var ugild i saka.

Wenaas Kapital eig og administrerer det 400 mål store næringsområdet ved Digernes i Skodje. Fleire aktørar har etablert seg i området, mellom anna Posten, Maxbo og Rema 1000. Coop og Statoil står på terskelen til å byggje. Men etter det vil det vere stopp for handelsverksemder. Næringsarealet avsett til detaljhandel stangar opp i taket som føreskrifter har sett for detaljhandel. Dermed kan det også bli stopp for Spar Kjøp sine planar.

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag syner til m.a. til konklusjonen frå Miljøverndepartementet, om at ei utbygging ved Digernes «ikkje er i samsvar med nasjonale mål for sentrumsutvikling.»

– Fylkesmannen kan ikkje sjå at det er nye moment i saka som gjer at departementet si avgjerd i saka kan leggjast til side, står det i brevet, som konkluderer med at Fylkesmannen påklager Skodje kommune sitt vedtak om å gi dispensasjon.

Ber om møte

Dagleg leiar i Wenaas Kapital, Jan Petter Larsen, undrar seg over at ein har sett bort frå ein klar konklusjon i konsekvensutgreiinga frå Asplan Viak om at det er behovet for meir handelsareal i Skodje. Heller ikkje vedtaket i fylkesutvalet om at politikarane vil innarbeide behovet for 9.000 nye kvadratmeter handelsareal ved Digernes i Fylkesplanen, er godt nok.

– Vi vil be om eit møte med leiinga i kommunen. Vi håpar og trur Skodje kommune vil halde oppe vedtaket om løyve til utbygging, seier Jan Petter Larsen til Sunnmørsposten.

Følg smp.no på Facebook