«Over stokk og stein med stokk og stav» er namnet på prosjektet som tek sikte på å gi blinde og synshemma friluftslivsopplevingar. Torsdag og fredag var Blindeforbundets fjellgruppe på Norsk Fjellfestival 2016 på Åndalsnes. Her gjekk synshemma og blinde på tur opp til Litlefjellet, Vengesdalsvatnet og Hurrungvatnet.

– Eg trur eg snakkar for alle når eg seie det var ein fantastisk tur, fortel leiar i fjellgruppa, Roy Austerslått, som er frå Ålesund.

– Det var ei eksepsjonell oppleving å få delta på denne turen. Sjølv om eg ikkje kan sjå, har eg alle andre sansar til rådigheit. Lukta av naturen, kjensla av bork på eit tre og det å kjenne temperaturen og fukta i lufta er ein del av biletet som eg får på tur, fortel Jacob Havnsund, nestleiaren i fjellgruppa.

Havnsund er ein av dei fem sunnmøringane som var med på tur. Han fortel også om ein forklaringsmetode for blinde kalla haptisk kommunikasjon.

Jacob forklarer at han på turen fekk ein av ledsagerane til å teikne landskapet på ryggen hans. På denne måte kunne han danne seg eit betre bilete av landskapet kring han.

Utan syn i 13 år

– Eg har ikkje noko val. Livet går vidare med eller utan syn. Eg må berre leve livet slik eg kan. Havnsund fortel korleis det har vore for han dei siste 13 åra etter at han mista synet heilt. Det har ikkje vore lett, men han har lært å sette stor pris på alle opplevingar som kan bryte opp kvardagen. Opplevingar som kan stimulere til eit mangfaldig sanseinntrykk.

– Eg kan ikkje alltid velje kva eg skal oppleve. Eg må ta det som vert tilrettelagt, fortel Havnsund, som talar vel om initiativet til fjellfestivalen.

– Ord kan ikkje beskrive

Då gruppa stoppa på Vengesdalsvatnet, fekk Havnsund oppleve noko som han synest verkeleg sette spor i hjerneborken.

– Eg fekk prøve å stå på padlebrett, noko som gav meg ein utruleg kjensle. Balanse er ein vanskeleg ting når ein ikkje ser, og det å på eiga hand stå på det brettet var eit sterkt augeblikk. Ord kan ikkje heilt beskrive kor mykje slikt betyr for meg, held han fram.

På spørsmål om han vil prøve det igjen treng vi ikkje vente lenge på svar.

– Om eg nokon gong får tilbodet igjen skal eg vere fyrste mann på plass.

Vil gje folk moglegheit

– Det å få sjå Jacob meistre det å stå på padlebrettet fekk meg til å innsjå at alt er mogleg med rette folka kring seg fortel Bente-Elisabeth Disen. Ho er ein av arrangørane og initiativtakaren til dette tilbodet.

– Det er sjølvsagt utfordrande. Vêret var ikkje det beste, så det var både vått og glatt, men med på turen hadde vi fleire medhjelparar, og godt med pågangsmot i gruppa. Vi var ein god gjeng som kosa oss på tur, seier Austerslått.

– Dette er utruleg viktig. Det handlar om å gi alle ei moglegheit til å komme seg ut i naturen, fortel Disen.

Fleire turar

Fjellgruppa har ikkje planar om ligge på latsida i tida framover. Både Austerslått og Havnsund fortel at dei har planar om fleire turar framover. Havnsund røper også at dei har planar om å arrangere turar knytt meir til det maritime.

Fjellgruppa er heller ikkje åleine om å ynskje å gjenta suksessen. Disen fortel at ho allereie er i gong med å planlegge eit liknande opplegg for neste fjellfestival.

– Det er like givande for meg som for deltakarane på turen. Etter å ha sett Havnsund meistre å stå på brett vart eg berre meir overbevist på at dette er et konsept vi også må satse vidare på, avsluttar Disen.

<strong>God Hjelp:</strong> Her får Jacob hjelp til å kome i posisjon. Foto: Solfrid Vartdal
<strong>Nøgd:</strong> Jacob Havnsund var veldig nøgd etter å ha prøvt padlebrett. Foto: Solfrid Vartdal
<strong>Utfordrande:</strong> Det er ikkje slett so enkelt å gå på fjellet for blinde og synshemma. Men med god hjelp er alt mogleg. Foto: Bente-Elisabeth Disen