Stranda bør setje i gang parallelle forhandlingar med Norddal og Sykkylven med tanke på ein intensjonsavtale om kommunesamanslåing. Men det må også vere eit alternativ å stå åleine.

Det seier eit samrøystes formannskap i Stranda.

I innstillinga frå formannskapet heiter det at det såkalla nullalternativet, altså at ein held fram som eiga kommune, skal ligge til grunn i det vidare arbeidet med kommunereforma, og skal vere eit alternativ i ei eventuell folkerøysting eller innbyggjarundersøking.

Rådmannen hadde rådd ifrå politikarane å gå vidare med eit alternativ der ein står åleine. Formannskapet seier også at dersom andre kommunar kjem med invitasjonar til samtalar knytt til framtidig samarbeid, så bør Stranda kommune vere positive til slike samtalar.