Det var regionlensmann Tormod Hvattum i Nordfjord som måndag kveld brende ned naboen si hytte på Maurstadeidet i Vanylven ved eit uhell.

Politiet fekk melding klokka 19.08 om at brannen hadde spreidd seg til nabohytta.

- Gneistar spreidde seg

Hvattum skulle brenne opp eit sel som han eig saman med kona, skriv avisa Fjordenes Tidende.

- Brått spreidde gneistar frå den kontrollerte brannen seg til ei lita hytte som låg berre nokre titals meter ved sidan av. I løpet av minuttar var nabohytta overtent, og Hvattum og dei åtte andre som var med på det som skulle vere kontrollert nedbrenning, vart vitne til at nabohytta brann opp utan at dei kunne gjere noko, skriv avisa.

- God stand

Lensmannen seier at dette var grådig leit. Brannsjefen i Vanylven hadde gjeve lensmannen løyve til å sette fyr på hytta.

Hvattum tok sjølv kontakt med eigarane av nabohytta.

- Denne hytta var halde ved like og var i bra stand. Eigarane var sjølvsagt lei seg for at den hadde brunne opp, seier lensmannen.

Hytta han skulle fjerne var hundre år og ei som han hadde arva, skriv Fjordenes Tidende. Det er førebels vanskeleg å seie kvifor det tok fyr i nabohytta.

Gjekk fort

- Det var vått rundt hytta der det er myrområde, seier Hvattum til avisa.

Ifølgje lensmannen gjekk det heile veldig fort.

- Det kom nokre vindkast, og då må gneistar ha spreidd seg, seier han.,

Over til nytt distrikt

Politiinspektør Bjørn Larsen i Sogn og Fjordane opplyser at ein no jobbar med å få saka over til eit anna politidistrikt.

- Vi sender den over til statsadvokaten og vil i samråd med dei overføre saka, seier Larsen til smp.no.

Truleg vil den havne på bordet til Sunnmøre politidistrikt.

Lensmann Tormod Hvattum Foto: Anne-Mari Tomasgard