– Eg kan stadfeste at saka er anka, seier mannen sin advokat, Geir J. Kruge, til NRK Sogn og Fjordane.

To omkom

Ei kvinne frå Ålesund og ei kvinne frå Taiwan omkom i ulykka.

Ein svensk buss på veg vestover på fylkesveg 55 kolliderte med ein norsk buss på veg frå Leikanger til Sogndal den 12. august i fjor. Dei omkomne sat i kvar sin buss.

Ankar dommen

Føraren av den svenske bussen vart tiltalt for aktlaust bildrap.

Det vart lagt fram rekonstruksjonar i retten. Sogn tingrett kom fram til at den svenske bussen låg for langt inne mot midten av vegbana. Det skal ha vore årsaka til ulykka.

Føraren vart dømd til fem månadar fengsel. Kruge vil ifølgje NRK ikkje fortelje kvifor mannen no ankar.