Kristin Skogen Lund er på sitt første besøk på Sunnmøre som adm. direktør i NHO. Ho har saman med Torill Ytreberg hatt møte med eit 20 tals toppleiarar der tema mellom anna var berekraftige urbane område.

Toppsjefane er opptekne av kommunereformen som dei håper skal føre til at større område enn kvar liten kommune vert sett i samanheng, og at det offentlege forvaltninga vert endå meir interessant arbeidsplass for høgt utdanna folk. Næringslivet ser fram til ei forandring som dei meiner må til.

- Dette dreier seg ikkje om Ørsta mot Volda, men om Norge mot verda, seier NHO-sjefen. Kulturforskjellar er overdrivne.  Ulike bedrifter på nordre Sunnmøre som danna felles selskap har utvikla seg til senter i verdsomfattande industri.

Ho seier at  møbelindustrien har i seg alle sider av næringsliv frå design til produksjon både her i landet og elles.

Siste stopp på besøket var Sperre mek. på Ellingsøy som er ei av dei privateigde  bedriftene i distriktet som har heile verda som sitt arbeidsområde.  Der orienterte dagleg leiar Erik Langseth.