Mi hjartesak er eit verdig liv og ein verdig alderdom. Eg er oppreken av dei svakaste gruppene i samfunnet, og at dei som har bygd opp landet vårt skal ha god og trygg omsorg, samt mogelegheit til sjølv å velje kva som er best for seg. Ein veit best kor skoen trykker som har den på.

Giske kommune har kun 8 sjukeheimsplassar fordelt på 8000 innbyggjarar, ingen av desse er somatiske. Mitt mål er at vi skal få på plass fleire sjukeheimsplassar innan palliasjon og rehabilitering, samt at kommunen blir med i prøveprosjektet med statleg finansierig av eldreomsorgen, slik at vi kan tilby ein verdig eldreomsorg til tross for ei bunnskrapa kommunekasse.