Tor Arne Haugen ligg langt under snittalderen på 56 år for norske professorar. 35-åringen frå Valdres, tilsett som førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, fekk i slutten av september opprykk til professor i språkvitskap.

– Eg fekk publisert ein del av arbeida eg jobba med, også før eg tok doktergrad. I tillegg har eg publisert ein del nye prosjekt i seinare tid, og på eit tidspunkt tenkte eg at eg kunne søkje om å verte vurdert for opprykk. Tanken slo meg at  det hadde vore artig å verte professor før eg vart 40 år.

Det klarte han med god margin.

Grammatikk

Forskinga til 35-åringen handlar om ulike emne innan grammatikk. I jobben på Høgskulen i Volda får han både tid til forsking, og til å undervise.

– Språkvitskap er noko av det mest interessante eg veit. Eg føler meg privilegert som får følgje eigeninteressa mi i så stor grad, og somme tider kjennest det ikkje som ein jobb i det heile, seier Haugen.