Det var ein stor dag då Marny Berge frå Herøy revmatikarforeining fekk sette seg i gravemaskina og grabbe i gang Herøy fritidsbad.

Revmatikarforeininga og Herøy sanitetsforeining hadde då samla inn pengar i tretti år. Herøy fritidsbad er no historie, og på restane av det gamle badeanlegget er Sunnmørsbadet i ferd med å reise seg. Men det spørst om sanitetskvinnene og revmatikarlaget kan vere med på reisa vidare. Sunnmørsbadet er meir enn blakk og treng meir pengar frå eigarane sine.

Styret er i samtalar med eigarane om ny aksjekapital og ser føre seg at ein treng ny kapital på sju millionar kroner.

Dersom sanitetskvinnene skal dekke sin del av eigarprosenten på 7,14 prosent, så svarar til det om lag ein halv million kroner. Det same gjeld for Herøy revmatikarforeining, Olympic Shipping og Havila Shipping som alle har same eigarprosent. Herøy kommune eig 71,43 prosent, noko som betyr at dersom Herøy kommune skal ta sin del av rekninga, så vil det bety fem millionar kroner.

Har ikkje pengar

Men verken sanitetskvinnene eller revmatikarforeninga har ein halv million kroner å spytte inn.

– Nei, ikkje kan vi ta opp lån, det er ikkje forsvarleg, og vi kan ikkje selje vaflar for så mykje heller, seier Signe Skarstein, leiar i Herøy sanitetsforeining.

Ho seier dei er veldig interesserte i at Sunnmørsbadet skal bli ferdig, men at dei ikkje har mulegheit for å vere med vidare.

– Vi ser det slik at det vi har skote inn er tapt, og vi har ikkje mulegheit til å gå inn med meir kapital. Då får vi heller møte opp på opninga som vanleg publikum. Men vi håper at vi etter å ha jobba for dette i så mange år får vere med vidare som symbolske eigarar.

Basseng

Hildur Lid Hole, leiar i Herøy revmatikarlag, synest det er viktig at alle med spesielle behov får trene i eit godt oppvarma basseng. Meir vil ho ikkje seie om saka før fakta er på bordet og styret og årsmøtet har sagt sitt.

Det er likevel grunn til å tenkje at heller ikkje revmatikarlaget har ein halv million kroner liggande til dette formålet.

Forventar overskot

Sunnmørsbadet har ikkje pengar til heile investeringa og arbeider difor med ein finansieringsplan. Sju millionar kroner i ny aksjekapital er ein del av det. I tillegg er det snakk om utvida lån frå Kommunalbanken på om lag 36 millionar kroner. Dette vil også krevje utvida garanti frå Herøy kommune. I tillegg kjem meir RDA-pengar på inntil 30 millionar kroner.

Styret forventar at finansieringa vil kome på plass og at når anlegget står ferdig så vil det gå med overskot i framtida.

Sunnmørsbadet skulle koste 180 millionar kroner pluss moms, men kommunestyret er no orienterte om ein kostnadssprekk på 30–40 millionar kroner. Det er også venta forseinkingar. I orienteringa til kommunestyret i vår kom det også fram at opninga er utsett. Planen var til jul i år, men no er dette utsett med nokre månader.