– Vi finn oss ikkje i at Sletta byggelag set i verk tiltak på vår tomt utan avtale med oss, seier Tommy Jansen som uttalar seg på vegner av søstera, Oddveig Johanne Sulesund, som eig gnr/bnr 113/ 57 i Sandvika i Sula.

Sletta byggelag byggjer store naust i rekke på begge sidene av tomta hennar som er på 250 kvadratmeter.

Men dei har også planert hennar tomt og fylt utover mot sjøen. Dette er det ikkje inngått avtale om med henne.

– For mange år sidan var Sletta i kontakt med søstera mi og hennar avdøde mann om dei kunne vere interessert i ein avtale om bygging av naust på tomta. Til slutt vart dei tilbode eit båtrom i byte mot tomta. Dette tilbodet vart blankt avvist skriftleg, seier Tommy Jansen.

Følg smp.no på Facebook

Ikkje avtale

I fjor starta arbeidet i området som også kom inn på hennar eigedom. Nye tilbod om avtale vart avvist, og dei kravde fleire gonger stopp i arbeidet.

Saka er meldt til politiet der det mellom anna heiter at dei ser på det som har skjedd som ei rasering av hennar eigedom med oppsett forstøtningsmur og strandlinje utfylt med stein.

– Vi krev at eigedomen vert tilbakeført i den stand den var før, seier Tommy Jansen som også seier at dersom motparten hadde vore meir rimeleg kunne dei kome til ein avtale.

– Vi vil byggje på tomta sjølv, seier han.

Han kritiserer Sula kommune for at dei gav igangsetjingsløyve utan at det var avtale med alle eigarane, og han vil be fylkesmannen granske om tiltaket er i strid med statlege klausuleringar.

Lesfleire nyheiter frå Ålesund og omland på smp.no

Viser til godkjent plan

Begge partar har advokatar, og adm. direktør Jan Arne Sletta i Sletta byggelag viser til advokat Knut Asbjørn Solevåg.

– Det har vore dialog i denne saka og det må gå an å snakke seg vidare fram til ei løysing, seier advokat Knut Asbjørn Solevåg.

Han meiner at partane kan ha snakka forbi kvarandre og misforstått.

Han viser til at det ligg føre ein godkjent plan for dette området som alle grunneigarane må rette seg etter. Sletta har gjort sine tiltak og bygging av tekniske anlegg i samsvar med planen.

Det vil seie at når ho vil byggje på si tomt, må ho la dette skje etter den same planen og då må ho vere med på å ta sin del av dei felles investeringar som er gjort.

Tommy Jansen står på støttemuren som er oppført ved sjøtomtene i Sandvika. I bakgrunnen den 250 kvadratmeter store tomta som eigaren ikkje ville ha inngrep i.