Det er fleirtal 18–11 i Sykkylven kommunestyre for å greie ut nedlegging av Tandstad skule som eitt av fleire alternativ for å redusere skulebudsjettet.

Eit anna alternativ som er kome fram er å slå barnehagen og småskulen i Straumgjerde saman til eit oppvekstsenter.

Mindretalet 11, beståande av Sp-gruppa, pluss fire frå Ap, to frå Høgre og SV sin representant, gjekk imot å røyve ved Tandstad skule.