Det er Marint Kompetansesenter i Møre og Romsdal står bak prisen.

Bedrifta ligg i indre hamn i Fosnavåg og driv med frysing og filetering av sild og makrell.

– Marint Kompetansesenter gratulerer med ein fortent pris som årets lærebedrift. Det å vise lokale ungdom og andre at det finst mange spanande fagområde i marine bedrifter rett utanfor stuedøra er viktig for framtidig rekruttering og kompetansebygging, skriv senteret i ei pressemelding.

Dei opplyser at Fosnavaag Pelagic AS for tida har lærlingar i automatiseringsfaget og i industrimekanikarfaget.