Ein bil vart stolen i tidsrommet mellom klokka 12 og 15 frå Stette i Skodje kommune søndag.

Like før klokka seks kunne politiet varsle at dei hadde funne bilen, og pågripe ein gjerningsmann i Søvikdalen.

– Bilen vart funne oppe i Søvikdalen, på ein grusveg, fortel Jon Bratland i Sunnmøre politidistrikt.

Han seier at bilen hadde køyrd utfor vegen då han vart funne.

Ruspåvirka

– Gjerningsmannen vi har pågripe er mistenkt for køyring i ruspåvirka tilstand, i tillegg til tjuveri av bilen, seier han.

Ifølgje Bratland er gjerningsmannen ein gammal kjenning av politiet.

– Det var ingen dramatikk rundt situasjonen, seier Bratland.